Meld deg på

Marius Langballe Dalin

Meld deg på

Hvor

Røde Korsbygget, Florø
Florø, Sogn og Fjordane

Marius Langballe Dalin

48046592

Veibeskrivelser i Google Maps

Når

20.04.2021 KL.17:00

Velkomen til døraksjon med MDG Kinn i Florø!

Å kjempe for klimaet og naturen er for meg noko av det mest meiningsfulle eg kan gjere for framtida til borna mine. I MDG har vi eit stort engasjement og arbeider mot same mål. Det gir inspirasjon!

Skal vi få gjennomført grøn politikk må vi vinne val. For å vinne valet må vi nå ut til folk. Den mest effektive måten å nå folk på er ved å snakke med dem der dei bur. 

Eg håpar du vil vere med meg og banke på dører og snakke om grøn politikk! For nokre dagar sidan var eg i Dale og gjekk frå dør til dør i lag med Svein-Martin, lokallagsleiar i Fjaler. Det er utruleg kor hyggelege folk er når ein møter dei slik på heimebane. Det er ikkje lett å kome seg derifrå når ein fyrst har fått folk i tale, og det er kjekt!

Dei fleste av oss kvir seg litt på å banke på døra til framande, så du skal sjølvsagt sleppe å gå åleine. Vi går i lag to og to, i same område. 

Eg kjem til Florø no tysdag, 20. april. Vi møtast ved Røde Korsbygget kl 17. Vi håpar du har lyst og høve til å vere med! Jo fleire vi er, jo fleire når vi ut til. Vi samlast på Horne brygge etterpå for å snakke om inntrykka og får oss litt pizza. 

Du kan  laste ned aksjonsappen vår på  https://app.mdg.no. I appen kan du registrere kor du har vore og du kan tinge valkampaviser du kan dele ut. Ta gjerne kontakt med meg eller nokon i styret i Kinn MDG om det er noko du lurar på. 

Beste helsing

Marius Dalin
Fyrstekandidat for MDG Sogn og Fjordane

Andrekandidat Marièl Eikeset Koren og meg 
på Sørstranda i Gloppen. Foto: Oddleiv Apneseth

Meld deg på

Vil du vite mer?

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg en best mulig brukeropplevelse, analysere trafikken på nettsiden og tilpasse innhold og annonser. Du kan lese mer og endre dine preferanser når som helst på siden om personvern og informasjonskapsler.

Innstillinger
Aksepter alle