Meld deg på

GRØN STORBY-BATTLE

Meld deg på

Hvor

Zoom

Spørsmål? Kontakt Kristin Hammerås

Når

18.01.2022 KL.20:00

Oslo vs. Bergen  Kven er Noreg sin miljøhovudstad? 

Vestland + Bergen MDG og Oslo MDG inviterer til debatt: kven er egentleg Noreg sin grønne hovudstad?

MDG er med å styre dei største byane i Noreg, blant anna hovudstaden og vestlandes hovudstad. Men kvar får me egentleg mest gjennomslag for grønne løysingar? Og har det egentleg noko å seie for verda kva som står i ein norsk byrådsplattform? 

Bli med på digital grøn storby-battle og sjå byråd for miljø og samferdsel i Oslo - Sirin Hellvin Stav og byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen - Thor Haakon Bakke, presentere sine finaste døme på miljøpolitikk i praksis. 

Ordstyrar Margit Fausko sit ikkje i korkje Oslo eller Bergen, men midt i mellom, i Hallingdal.  Ho lurer mellom anna på om bypolitikken i Oslo og Bergen kan ha nokon nytte utover i meir grisgrendte strøk. Kvifor har grønn politikk til no fått meir oppslutning i dei store byane enn på bygda? Korleis kan me sikre at lokalvalget i 2023 blir eit grønt valgskred, i heile landet?

I tillegg lurer me på: Kva ER egentleg greia med bybanen i Bergen? Og er det sant at alle i Oslo MDG er veganarar og hatar fyrververki? 

Du kan stille spørsmål til deltakarane  - send inn ditt spørsmål her.

 

Meld deg på

Vil du vite mer?

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg en best mulig brukeropplevelse, analysere trafikken på nettsiden og tilpasse innhold og annonser. Du kan lese mer og endre dine preferanser når som helst på siden om personvern og informasjonskapsler.

Innstillinger
Aksepter alle