Redd stølane og dei små mjølkeprodusentane

Miljøpartiet De Grønne vil:

  • Gje rask og styrka investeringsstøtte til bygging av lausdriftsfjøs for små og mellomstore mjølkeprodusentar
  • Heve mjølkeprisen ved hjelp av eit styrka importvern
  • Støtte opp om smådriftsfordelar i fjell- fjord, og kystlandbruket gjennom finmaska driftsvansketilskot etter modell frå alpejordbruket
  • Oppmode til matmangfald, kvalitetsprodukt og verdiskaping av mjølk, mellom anna ved å støtte oppretting av mikromeieri og tilrettelegge for mindre samvirker
  • Avvikle mjølkekvotebørsen og gjeninnføre staleg tildeling av kvoter. Kvotene skal administrerast etter ressursgrunnlag og prioritere stølsbrukarar og marginale areal
  • Redusere mjølkekvotetaket til 450 000 kg, men sikre at dette gjøres gradvis og på en forutsigbar måte.
  • Imøtekomme gjeldsutfordringar for bønder som har investert mykje i produksjonar lausrivi frå ressursgrunnlaget, mellom anna ved å utreie rasjonelle bruksomstillingar og rettferdige kompensasjonsordningar for store fjøs.”
  • Motverke overproduksjon gjennom å redusere kraftfôrforbruket, ikkje talet gardar i drift. Samstundes støtte andre tiltak som reduserer mjølkevolumet men styrker kvaliteten, slik som overgang til bevaringsverdige storferaser og samvær mellom ku og kalv.
  • Gje stølsdrifta eit nasjonalt lyft gjennom investeringsstøtte til driftsbygningar og infrastruktur og ein aktiv tilskotspolitikk.
  • Ha ambisjon om å doble talet stølar før 2030.

 

Vedtatt av landsstyret 27. september 2020

Vil du vite mer?

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg en best mulig brukeropplevelse, analysere trafikken på nettsiden og tilpasse innhold og annonser. Du kan lese mer og endre dine preferanser når som helst på siden om personvern og informasjonskapsler.

Innstillinger
Aksepter alle