Hei!
Først startar vi med eit digitalt møte kl. 19.00 på Zoom. Her skal vi snakke om korleis ein kan gjere seg kjent med aksjonsappen og mykje meir! Lenke til møte finner du her:
https://us04web.zoom.us/j/71110169934?pwd=bW82eml1RGhlNTNtMm5PcUs0dFRQQT09
Deretter kan dei som vil gjennomføre ein Heime-postkortaksjon! Det er koronasituasjonen som gjer at det ikkje blir vanleg postkasseaksjon, men det betyr ikkje at det ikkje blir postkasseaksjon! Heimepostkortaksjon går ut på at vi ikkje møtest, men at vi går i vårt eige nabolag og puttar kort i postkassene. For å få postkort kan du avtale med Rannveig Hana (e-mail: [email protected]/tlf: 454 22 465). Håpar så mange som mogleg vil vere med!
Det viktigaste er ikkje å gå nøyaktig den 23. mars, men då 23. mars er ein nasjonal dato for postkasseaksjon, er det ein fin dag, sidan mange grøne venner rundt om i landet gjer akkurat det same som deg. Det er lov å gå meir enn éin dag også. Dette initiativet er ikkje ei begrensing. 8002 postkort er det meste nokon har delt ut i år, så her er det berre å skru på konkurranseinstinktet og dele ut kort!
Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg en best mulig brukeropplevelse, analysere trafikken på nettsiden og tilpasse innhold og annonser. Du kan lese mer og endre dine preferanser når som helst på siden om personvern og informasjonskapsler.