Urolege for ytrings- og pressefridom i Tyrkia

28. januar 2015

Sjefsaktor i Istanbul opna 14 Januar rettssak mot ei av dei største avisene i Cumhuriyet, for å ha trykka nokre av teikningane frå den første utgåva av Charlie Hebdo etter terroråtaket i Paris 7 Januar.

Politiet gjennomførte også ein razzia mot trykkeriet til avisa, og hindra distribusjonen av avisa, som inkluderte ein fire siders versjon av Charlie Hebdo på tyrkisk som midtsidebilag. Chumhuriyet vart til slutt distribuert likevel, etter aktoratet hadde forsikra seg om at utgåva ikkje hadde teikningar av profeten Mohammad på framsida.

Politisk undertone

Saka har ei klar politisk undertone, og blir sett på som eit døme på ein større tendens i Tyrkia. Tiltalen mot Cumhuriyet skjedde ein dag etter statsminister Ahmet Davutoğlu sa at Tyrkia ikkje ville godteke fornermingar mot profeten. Den tyrkiske regjeringa, leia av det høgrekonservative partiet AKP sidan 2002, førar ein stadig meir aggressiv kamp mot opposisjonelle røster, og malar konspiratoriske fiendebilete om både tyrkiske og utanlandske aktørar. Gjennom store deler av 2000-talet advarte partiet, delvis med rette, mot faren for militærkupp. Dei siste to åra har partiet retta seg mot den tidlegare allierte USA-busatte imamen Fethülllah Gülen, som vert skulda for å infiltrere media og opposisjonelle og skape det dei kallar ein paralell stat.

Charlie Hebdo-saka kastar bensin på to allereie flammande bål i Tyrkia. Debattane om sekularisme og ytringsfridom allereie dannar grunnlaget for svært polariserte partipolitiske motsetnader. Cumhuriyet er ein sekulær avis med tettast band til det største opposisjonspartiet, CHP. Partiet er svært splitta internt, med konservative nasjonalistar på den eine sida, og sosialdemokratar med den skandinaviske modellen som førebilete på den andre. Eit viktig prinsipp desse motsetnadsfylte fraksjonane deler imidlertid viktigheita av å halde på den strenge sekularismen i Tyrkia. For CHP er difor AKP sin gradvise reversering av sekulaismen tungt å svelge, og ein kan mistenkje partiet for å vere minst like oppteken av dette, som å forsvare ytringsfridomen

Hjertesak for opposisjonsparti

Men tiltalen mot Cumhuriyet handlar om meir enn partipolitisk strid om sekularismen i Tyrkia. Motstanden mot tiltalen blir no teke opp som ei hjartesak for fleire opposisjonsparti i Tyrkia, inkludert MDG sitt søsterparti Yeşiller ve Sol Gelecek Partisi.

Partiet er uroa for at landet beveger seg stadig lengre vekk frå eit miljø der det er lov å tenkje og uttale seg fritt. For denne delen av opposisjonen er den stadig meir autoritære stilen til regjeringspartiet AKP svært bekymringsverdig.

Tyrkia har lenge vore i verdstoppen for antal fengsla journalistar. Charlie Hebdo-åtaket skjedde kort tid før 8-årsmarkeringa av drapet på den tyrkisk-armenske journalisten Hrant Dink. Dink vart myrda utanfor kontoret sitt av ein tyrkisk ultranasjonalist.

Krav om rettferd

Etteretningstenesta i Tyrkia har seinare vorte anklaga for å ha hatt kjennskap til planar om å drepe Dink, utan å foreta seg noko. Kombinasjonen av desse to sakene har ført til at den allereie oppheita diskusjonen om reell ytrings- og pressefridom i Tyrkia har fått ekstra mykje merksemd. I Ankara og Istanbul samla tusenvis av demonstrantar seg i gatene mandag 19 Januar, med krav om rettferd for drapet på Dink, og betre beskyttelse av journalistar.

Miljøpartiet De Grønne er urolege for stadig innskrenking av fridom og demokrati i Tyrkia, og uttrykker solidaritet med forkjemparar for ytrings- og pressefridom i landet. Vi oppfordrar også den norske regjeringa om å prioritere desse fundamentale rettane i møte med tyrkiske myndigheiter.