Sju milliardar

30. oktober 2011

FN har berekna at verdas folketal passerer sju milliardar no på mandag. I høve dette tvilsame jubileet er det naturleg for media å be miljø- og utviklingsminister Erik Solheim om ein kommentar. Solheim svarer som politisk korrekt er: Det er ikkje folketalet som er problemet, men forbruket til dei rike: ”Ein milliard fleire nordmenn eller amerikanarar ville vore ein katastrofe, ikkje ein milliard til i Afrika”. Optimisme er bra om han byggast på løysingsfokus, men Solheim har knapt nokon politikk for å redusera forbruket til nordmenn og amerikanarar. Og sjølvsagt ikkje for å halda afrikansk levestandard nede, tvert om får vi håpa.

Dermed gjer det vondt å høyra Solheim avfeia eventuelle problem ved mandagens milepæl. Om alt går sin skeive gang ventast folketalet å flata ut kring ni milliardar. Dette føreset nettopp at dei store massane i u-landa får vesentleg høgare levestandard. Samtidig er kreftene for forbruksfrys i i-landa marginale, og SV er ikkje blant dei. Korleis ser Solheim på ni milliardar menneske der sju er like rike som nordmenn i dag, medan dei to er endå rikare?

Dei Grøne erkjenner at folketalet vil veksa til velferd og menneskerettar flatar det ut. Men enkelt blir det ikkje. Både økologiske og sosiale utfordringar får smalare løysingsrom med høgare folketal, uansett kor flinke vi elles blir på fordeling, konfliktløysing og vegetarkost. Folketal, forbruk og teknologisk utvikling er alle jamnbyrdige faktorar i spelet om klodens berekraft. Å avfeia den eine av dei er uansvarleg.

 

Tore Bergum, MDG Hordaland