Rekordmåling i Hordaland

16. august 2013

Med 6,1 % oppslutnad er førstekandidat Tom Sverre Tomren inne på Stortinget fra Hordaland. Også i andre fylke går Dei Grøne kraftig fram.

– Slik som situasjonen er no, vert eg faktisk skuffa om eg ikkje hamnar på Stortinget, seier Tom Sverre Tomren til NRK.

16.08.13.Meningsmåling-kart

Dei Grøne har i fleire meiningsmålingar i det siste vore oppe og snusa på sperregrensa, sist i Infact si måling for VG, der partiet fekk 3,8 % nasjonalt. I Sør-Trøndelag får partiet no 4,2 %, også det rekord.

– Svært gledeleg! Dette tyder at målsettinga vår om å bryte sperregrensa er realistisk, seier nasjonal talsperson og 1. kandidat for Dei Grøne i Sør-Trøndelag, Harald A. Nissen.

Tall frå fleire fylke viser jamn og brei framgang for Dei Grøne. Mellom anna får vi 3,1 % i Finnmark og 2,1 % i Sogn og Fjordane, dei høgste talla nokon gong.

Les meir her.

Foto: Monica Løvdahl