Paris-erklæringa: Ein veg ut av den europeiske krisa

02. januar 2012

Philippe Lamberts, talsperson for European Green Party. Foto: Greenyourope.net

Tolv grøne forslag til ei sosialt rettferdig og økologisk berekraftig løysing på krisa, vedtatt på European Green Party sin kongress i Paris i november 2011.

 

På kort sikt: Tøffe grep må til

Brannen er enno ikkje under kontroll; inga varig løysing er realistisk før den onde sirkelen er stoppa. Fordi solidaritet og ein sunn statleg økonomi heng saman, krev dei Grøne følgande tiltak:

1. Gjer den greske gjeldsbyrden berekraftig: Den tillyste frivillege 50% gjeldsnedskrivinga frå private kreditorar er utilstrekkeleg, fordi ikkje alle vil delta og fordi offentlege kreditorar ikkje følger opp. Dette vil i beste fall resultera i ei nedskriving på 25%, mot dei truleg naudsynte 60%, noko som ville krevd anten full deltaking frå alle private og offentlege kreditorar eller vesentleg høgar2 nedskriving frå dei private.

2. Gjer EFSF (og seinare ESM) til ein effektiv backstop: Den noverande – og særs uklare – tidsplanen for å utvida bruken av det europeiske fondet for finansstabilitet (EFSF) er ikkje nok til å motverka ytterlegare spekulasjon i gjelda til dei ulike medlemslanda. For å kunna bli ein effektiv stoppar må EFSF omformast til en bank med likviditetsstøtte frå den europeiske sentralbanken (ECB); og banken må styrast med fleirtalsvedtak. Forslag om ty til massiv satsing på miskrediterte finansprodukt av typen gjeldsforsikring og pantsetting av framtidige inntekter vil på ingen måte sikra tillit i pengemarknaden.

3. Rekapitaliser dei europeiske bankane: Beløpet på 109 milliardar euro [vedtatt på toppmøta før Paris-kongressen] er heilt i nederste enden av skalaen for kva som krevst for å friskmelda den europeiske banksektoren; det tredoble er truleg nærare kva som trengst. Private kapitalkjelder må bidra først. Om offentlege pengar blir brukt må tilhøyrande eigarskapsrettar og -innflyting tilfalla skattebetalarane via midlertidig nasjonal kontroll, som igjen kan sikra framdrift på vegen mot integrering og gjensidigheit innan det europeiske bankvesenet. Strenge vilkår må settast, td må profitt gå til å styrka eigenkapitalen og til å betala attende bidrag frå statskassane; dei mest spekulative aktivitetane må avviklast og utlån til realøkonomien så langt som råd skjermast; leiarane sin løner, bonusar og pensjonsordningar må modererast kraftig; skatteundraging og andre lovbrot må ikkje forekoma hos dei berga bankane. Det er heilt avgjerande at gjeldsproblem som følge av feilslått bankdrift ikkje set heile staten sin gjeldsbalanse i fare. I slike tilfelle må ECB og EFSF setta i verk ei rekke tiltak for å redusera dei negative konsekvensane rekapitaliseringa av bankane har for staten.

4. Moderering av den reine utgiftskutt-tilnærminga: Vi ser absolutt behovet for stabile offentlege økonomiar, jf traktaten. Men delar av krisepolitikken til unionen har vore sosialt urettferdig. Dette må rettast på med effektiv skatteinnkreving frå dei velståande i samfunnet, også dei som i dag er unndratt frå bidrag som td etablissementet i Hellas og kyrkja i land som Hellas og Italia. I tillegg bør EU ta i bruk sine ubrukte fond til å redusera det ordinære medlemsbidraget frå statar under assistanse, for å auka sjansen for verdifull økonomisk aktivitet. Det som krevst er eit skifte frå einsidig fokus på utgiftskutt til sosial rettferdige og berekraftige strukturreformar og investeringar som syrkar dei nasjonale økonomiane.

 

På mellomlang sikt: Engasjement for ei djuptgripande endring

Kortsiktige tiltak må ikkje bli noko erstatning for meir varige og fundamentale responsar på krisa, som krevst for å få Europa inn på eit berekraftig spor. Dei Grøne ser følgande essensielle komponentar i ei slik heilskapleg tilnærming:

5. Ein kraftig re-regulering av den europeiske finanssektoren: Europa må ikkje nøla med å gå lengre enn “Basel III”-forslaga, som set ambisiøse krav til eigenkapital og gjeldsnivå. Slik vi ser det er “for-store-til-å-feila”-verksemder eigentleg “for-farlege-til-å-eksistera”; vi må nytta dette høvet til å krympa dei til ein handterleg storleik. Då vil evt feil dei gjer få mindre konsekvensar for heile sektoren og samfunnet elles. I tillegg må det etablerast vasstette skott mellom ordinær bankverksemd knytt til realøkonomien og dei meir spekulative finansaktivitetene. Som hovudregel må finansaktiviteter og –produkt utan påviseleg sosial eller samfunnsøkonomisk fordel forbydast, slik som til dømes handel med lånte verdipapir, skygge-bankverksemd og andre aktiviteter som er vanskeleg tilgjengelege for innsyn og regulering. Det bør etablerast eit uavhengig, vitskapleg basert europeisk rating-byrå, som kan halda oppsyn med gjeld, inkludert den økologiske berekrafta til gjelda.

6. Ein heilheitleg europeisk skattestrategi: Sunne offentlege finansar, styrka sosialt samhald og økologisk berekraft kan ikkje oppnåast utan ei vesentleg endring av skattepolitikken i heile Europa. På EU-nivå må det innførast skatt på finanstransaksjonar (FTT), eit klima/energi-bidrag, og ein felles konsolidert basis for selskapsskatt (CCCTB) med eit minstenivå for effektiv skattlegging som sikrar rimelege bidrag frå næringslivet. EU må utvikla ein avtale kor medlemslanda forpliktar seg til aktivt å bekjempa skatteunndraging innan ein heilskapleg europeisk strategi, herunder å tetta smutthola som finst i deira eiga lovgiving. Dette føreset at skattespørsmål blir eit område for ordinær lovgiving underlagt EU-rådet og -parlamentet. På nasjonalt nivå må det innførast auka progressivitet både på inntekts- og formueskatt.

7. Etablering av eit europeisk pengefond (EMF): Eit slikt fond vil styrka økonomisk samhøyre og auka attraktiviteten og sunnheita til europas eigen gjeldsmarknad. Sjansen for “gratispassasjerar” mellom landa må førebyggast med klare krav til deltaking, spesielt med tanke på økonomisk disiplin. Fondet må ikkje vera mellomstatleg, men demokratisk styrt av EU-parlamentet. Det må ta opp i seg det noverande krisefondet (EFSF) og avløysa dette som instrument for kriserespons. Ytterlegare lån til kriseramma statar må vurderast henta frå det internasjonale pengefondet (IMF), føresett at fondet blir meir gjennomsiktig, tillitsvekkande og demokratisk styrt.

8. Balanser og ta i bruk rammeverket for overvåking av makroøkonomien: Dette rammeverket, etablert av “the six-pack” sist september, må implementerast på ein balansert måte. Det må effektivt takla både land med overskot og underskot sidan dei påverkar kvarandre. Det må òg inkluderast økonomisk relevante indikatorar for økologiske og sosiale faktorar slik som lønsulikheit, utdanningskostnader, økologisk fotavtrykk og ressursproduktivitet.

9. Gjer EU-budsjettet til eit instrument for økonomisk politikk: Ingen pengeunion har hatt suksess utan eit truverdig felles budsjett som instrument i den økonomiske politikken. Vi treng difor eit vesentleg tyngre felles budsjett i unionen, fundert på eigne ressursar styrt av EU-parlamentet samt inntekter frå finans- og klima/energiavgifter, og prosjektstøtte til fellestiltak av typen pan-europeisk infrastruktur for fornybar energi. Slik kan ein delvis redusera det ordinære bidraget frå enkeltmedlemane, og likevel skapa eit sterkt og relevant europeisk finansdepertement.

10. Ein Grøn New Deal for Europa: Det einsidige fokuset på kuttpolitikk er ein sjølvskadande strategi. Å undergrava grunnlaget for framtidig produktivitet for å oppnå kortsiktig budsjettpynting er ein dårleg måte å driva butikk på, endå verre for ein stat. Sparinga i europeiske hushaldningar og verksemder har auka merkbart, det er denne kapasiteten som må mobiliserast og kombinerast med den (avgrensa) investeringskapasiteten hos regjeringane og brukast til ein pan-europeisk Grøn New Deal. Målet må vera investeringar i grøn energi energy, transport, infrastruktur, rehabilitering av naturressursane våre, sterkare sosialt felleskap, i utdanning, forsking og innovasjon. Ei slik mobilisering føreset ein konsistent plan, samt reguleringsstrategiar slik som:

a. Å gi EU2020-måla for klima- og energi same status som stabilitets- og vekstpakten, noko som ville pressa offentlege investeringar i retning sosial og økologisk berekraft;

b. Ei meir effektiv prising av CO2 med ei målsetting om 30% utsleppskutt innan 2020, ein karbonskatt som også dekker utslepp som ikkje er omfatta av dagens kvoteregime (ETS) og full auksjonering av kvoter;

c. Å pålegga finansinstitusjonane karbon-stress-testing, introduksjon av klimarisiko i lovverket for samfunnsplanlegging, fremming av grøne indeksar som sparefond kan referera til, utvikling av grøn bankverksemd for å auka medvitet om dei økologiske konsekvensane av investeringar gjort med sparepengane våre (gjerne med skatteinsentiv når det passar);

d. Den europeiske sentralbanken må få lov til å refinansiera lån gitt av den europeiske investeringsbanken, på vilkår av at låna støttar berekraftige investeringar.

e. Å pålegga offentlege pensjonsfond – og oppmoda dei private – til å setta ein viss del av portefølgen sin i grøne verksemder og investeringar.

f. Implementering av ein energireform som sikrar ei rask utvikling mot ei fornybar framtid, bort frå det kjernekraft- og fossilbaserte systemet.

 

Eit meir politisk integrert og eit meir demokratisk Europa

Dei fleste av tiltaka som er skissert ovanfor betyr eit omfattande skifte av politisk fokus og prioriteringar, og føreset eit meir politisk integrert Europa. Medlemsstatane kvar for seg har neppe evne til å regulera finanssektoren, til å få kontroll på aukande skatteunndragingar, til å mobilisera investeringane som krevst for ein ”grøn new deal” eller til å stå opp mot dei globale finansmarknadene. Dette vil kreva grunnleggande endringar i EU-traktaten. For dei grøne er det ufråvikeleg at både vegen fram og målet – eit meir integrert Europa – gir oss meir demokratisk tillit og deltaking. Vi foreslår difor følgande:

11. Basisretningslinjer for økonomisk politikk må heimlast i rådet og parlamentet: Per i dag er det EU-kommisjonen som i praksis utøvar økonomisk politikk i EU og i visse medlemsland. For å gi kommisjonen meir demokratisk legitimitet på dette området må det utformast styringsprinsipp vedtatt av EU-rådet og parlamentet. Slik sett bør den økonomiske langtidsstrategien (no EU2020) med dei tilhøyrande årlege retningslinjene (no ”the Annual Growth Survey”, del av ”the EU semester”) få status som vedtak etter samvedtak i rådet og parlamentet.

12. Ein konvensjon for eit nytt Europa: Vi treng ein ny runde med reformar av EU-traktaten. Så snart som mogleg må det utformast ein ny konvensjon, utforma av representantar frå både EU-parlamentet og nasjonalforsamlingane og sosiale rørsler i sivilsamfunnet, via innovative former for representasjon. Konvensjonen bør bana veg for substansielle endringar av traktaten for å sikra legitimitet og formelt grunnlag for handlingane nemnt over. For å styrka den demokratiske basisen for arbeidet med ei slik reform, ber vi om ei folkerøysting i heile EU der hovudpunkta blir bestemt. Endringane trer i kraft om eit fleirtal av personar og statar støttar dei. Traktatendringar må aldri forhandlast fram bak lukka dører, av toppleiarar i EU og medlemsstatane, for så å bli tredd nedover hovudet på parlamenta.

 

Den omsette teksten omfattar dei tolv punkta som utgjer kjernen i erklæringa. I tillegg finst ein introduksjon og ein konklusjon, som begge underbygger dei 12 punkta. Heile erklæringa kan lesast (på fleire språk) her: http://europeangreens.eu/fileadmin/congress-files/Paris Declaration/

Miljøpartiet Dei Grøne røysta avhaldande til erklæringa, fordi ho innheld moment om ytterlegare utviding av EU-samarbeidet, noko vårt norske parti ikkje har teke stilling til. Det meste omhandlar imidlertid kort- og langsiktige tiltak mot den økonomiske krisa, tiltak av interesse for oss alle.

Omsett av Tore Bergum.