John Hille er død

06. september 2015

John Christian Hille er død. Berre 61 år gamal måtte han gi tapt etter lengre tids strid med kreftsjukdom. Alt for tidleg for ein som til det siste brukte det meste av tida si på arbeidet for eit grønare og meir menneskevenleg samfunn.

John vaks opp på New Zealand, før han flytta til mora sitt heimland i 1971. Som student var John engasjert i Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern og i studentforeininga Grønt Gras, som utfordra både høgre- og venstresida i studentparlamentet i Oslo. Seinare har John arbeidd i mange år som utgreiar og forfattar av ei lang rekke rapportar for Framtiden i våre hender, han var med og etablerte Idèbanken, arbeidde for Vestlandsforsking, og han har halde ei rekke seminar på fleire av landets høgskular. Slik var det ein godt etablert bakspelar i den grøne rørsla som melde seg til teneste for Miljøpartiet Dei Grøne i 2008.

John var ikkje den første som heldt partipolitikken på ei armlengds avstand inntil Dei Grøne fekk vind i segla. Men han følgde godt med, og hoppa på skuta såpass tidleg at han i dag må tilskrivast mykje av æra for at vi er der vi er. Med sin breie faglege bakgrunn frå fleire tiår med studiar, utgreiingar og kursverksemd var det naturleg at John gjekk rett inn i det pågåande programarbeidet fram mot valet i 2009. Samstundes gjekk han inn som vara i landsstyret, seinare på fast plass i fleire år, og han bygde opp sitt eige lokal- og fylkeslag omtrent frå botnen.

Då vi tok fatt på programmet til stortingsvalet i 2013, var John naturleg som leiar. Her fekk han vist seg fram som meir enn vandrande leksikon, han var nemleg òg ein god diplomat, ein mann det var vanskeleg å bli sur på. John fremheva aldri seg sjølv, men vi veit det var godt for han å sjå partiet inn på Stortinget med programmet han hadde lagt så mykje sjel og arbeid i. Seinare har han vore til uvurderleg hjelp i arbeidet med våre alternative statsbudsjett.

Den andre store interessa til John var hagebruk. I den grad det var skilnad på liv og lære var det på rette sida: Med sine åkerflekkar rundt det gamle gardshuset i utkanten av Levanger, og sykkel og tog som einaste framkomstmiddel, levde nok John hakket meir nøkternt enn partiprogrammet føreskriv.

I tillegg til å vera ein utretteleg miljøforkjempar var han eit utruleg varmt og raust menneske. Lågmælt, aldri påtrengande, men geniunt opptatt av korleis det sto til med menneska rundt han. Han viste ei fordomsfri forståing for andre menneske som er få forunt. Aldersforskjellen til dei fleste andre aktive i partiet var heller aldri noko heft. Dei av oss som var heldige nok til å besøka han heime på Levanger fekk òg oppleva gjestfriheita hans der han diska opp med nydelege rettar basert på mat frå hagen og nærområdet. Det er ei stort privilegium å ha kjent John, han var eit tvers gjennom godt menneske, og han inspirerte andre til forsøka å bli betre versjonar av seg sjølv.

Etter at mora døydde for eit par år sida selde han minibruket sitt til eit ungt par av ”rette sorten” og flytta til Oslo. Han hadde mesteparten av nettverket sitt der. Det siste større bidraget frå John til partiet var våre ”10 punkt for lågare forbruk” som ligg til handsaming i Stortinget no i haust. Det må kallast ei verdig avslutning for ein mann som har levd og anda for økologi og menneskeverd heile sitt vaksne liv. John etterlet seg ingen nær familie, men vil bli djupt sakna av sine mange vennar i den grøne rørsla.

Venner og kolleger i Miljøpartiet De Grønne