Eit statsbudsjett midt i den gamle løypa

17. oktober 2011

Foto: KaVass, Creative Commons-lisens

Regjeringa og plattforma deira har aldri tatt mål av seg til noko drastisk endring av Norge. Difor blir det med mindre justeringar her og der, skriv Tore Bergum om regjeringas statsbudsjett.

Det er fristande å sjå statsbudsjettet som ei rekke enkeltpostar, der ein kan teikna glade eller sure fjes bakom. Denne jobben er interesseorganisasjonane raskt ute med, og for MDG vil poenggivinga både inna miljø, sosial velferd, fred og utvikling langt på veg overlappa vurderingane til nærståande organisasjonar. Eit nytenkande parti bør òg nytta høvet til å seia noko om heilheit og retning.

Statsbudsjettet for 2012 er ikkje overraskande ei stadfesting av stø kurs – det skulle berre mangla. Regjeringa og plattforma deira har aldri tatt mål av seg til noko drastisk endring av Norge. Difor blir det med mindre justeringar her og der. Når opposisjonen på Stortinget strekker seg til ”kjedeleg” og ”lite visjonært”, veit vi at regjeringa har lagt seg midt i løypa og at verda nok går sin skeive gang eit år til.

Skjerande motsetningar mellom økologi og økonomi

Budsjettet har dei siste åra hatt ein eigen omtale av berekraftig utvikling. Det er bra, men det i seg sjølv gir oss knapt meir berekraftig utvikling enn før. Innan økologiområdet held dei store tendensane fram, med dilemma som må vera krevande å leva med for dei mest idealistiske kreftene i regjeringa:

Klimautsleppa aukar, aller mest når økonomien går godt og endå meir når nye olje- og gassfunn settast i drift. Med andre ord: Tre viktige mål for nasjonen, korav eitt så langt ikkje let seg sameina med dei andre. Dei Grøne har gong på gong peika på spriket mellom mål og resultat i klimapolitikken, og det openbare i at oljeengasjementet er ei hovudårsak til dissonansen.

Målet om stans i artsutryddinga innan 2010 var vi ikkje i nærheita av å nå. Nytt mål er sett for 2020, men verken dette målet eller den flotte nye naturmangfaldslova gir håp så lenge sivilisasjonen skal veksa som før. Alle norske regjeringar sitt felles mål om jamn økonomisk vekst betyr mindre areal til dei andre artane. Ekspansjonen av byar, tettstader, hyttefelt, vegar, hamner, gruver og kraftverk gir tronge kår vern av utmark, kulturlandskap og matjord. Nokre millionar til kartlegging, overvaking og minimale vernetiltak er små steg i rett lei, men på ein veg som er i oppløysning.

Grøn bruk av skitne pengar

Det er ikkje å venta at regjeringa siktar seg inn mot noko heilt nytt økonomisk tankesett. Det har dei aldri lovt og kjem neppe til å gjera det av seg sjølv heller. Men også innan dagens regime kunne spenstige grep vore tatt om ein ønskte det. Det er stort sett semje mellom partia og det norske folk om at ei massiv jernbaneutbygging ville vore bra, at eldreomsorgen treng større ressursar i åra som kjem, og at utdanning og næringslivet helst skulle utvikla betydlege grøne alternativ til fossilnæringa. Dette er berre tre viktige døme på tiltak som i motsetting til olje- og gassinvesteringar ikkje betaler seg sjølv på kort sikt, og kor dei store private pengane ikkje sit laust på investorsida. Langt på veg meiner då MDG òg at slikt skal løysast i felleskap. Dei Grøne ønsker å omforma oljefondet til eit grønt framtidsfond. Dette må koma ofra for oljeaktiviteten vår til gode, nemleg klimaflyktningane i den tredje verda. Men ein god slump skal òg brukast til å løfta oss sjølve ut av oljealderen. Vi erkjenner at makroøkonomien set grenser for innfasing av friske midlar, men ser ikkje korleis inflasjonsfaren skulle utelukka alle slags investeringar.

La oss snakka om skattenivået

Endå viktigare er det å tora å ta skattepolitikken i bruk. MDG har eit dynamisk syn på skattenivået, for oss er det ikkje noko tabu verken å auka eller senka nivået. Vi finn det ikkje urimeleg å samanstilla offentleg og privat pengebruk som eit heilheitleg budsjett, kor midlar like gjerne kan flyttast mellom dei to hovudområda som innan det eine. Ønsker vi å ta store nye grep i felleskap, er det då openbart at skattenivået må opp i ein periode. I motsetning til bruk av oljepengar slepp ein då inflasjonsfaren, og ein får veksla inn til dels miljøskadeleg privatforbruk i politisk bestemte fellestiltak.

Det offentlege Norge er rikt hinsides all historisk og geografisk samanlikning, men det private Norge er endå rikare, og skilnaden aukar. I eit slikt perspektiv er det fortvilande å sjå td at jernbanen vår, til trass for ei viss satsing, knapt kan ventast å erstatta eit einaste fly dei neste tiåra. I den grad han vil erstatta bilar, vil det venteleg vegast opp av endå fleire nye bilkilometer som følge av at vegbygginga (som vanleg) tek endå større del av potten enn jernbanen.

Liknande resonnement kan førast på det sosiale området. Det er inga meining i at barnevern eller skulebygg lir av budsjettmessige årsaker, sjølv om dei fleste slike områd også har utfordringar  som ikkje kostar pengar. ”Alle” verkar bekymra for korleis eldrebølga skal kunna taklast utan kutt i andre velferdsgode, og samhandlingsreforma er neste års ”julekvelden på kjerringa” i kommune-Norge. Slike reformar krev smøring, ikkje bremsevæske. Det er langt frå sikkert at grøn politikk vil kreva netto større overføringar til kommunesektoren, primært vil vi la kommunane styra meire sjølve, også fastsetta skattøyret friare enn i dag. Men så lenge ting er som dei er, utgjer spriket mellom nasjonale mål og kommunale budsjett den store dissonansen på det sosiale området.

La oss avrunda med tre små konkrete grep til fremme av eit grønare Norge. Ikkje krev dei noko systemendring, og attpåtil kjem dei på plussida i budsjettet:

  • Fjern subsidieringa av flytrafikken – ta inn drivstoffavgift som for vegtrafikken.
  • Fjern subsidieringa av finansnæringa – innfør 1% ”mva” på børs- og valutahandel.
  • Fjern subsidieringa av luksusforbruk – bort med rentefrådraget for lån utover 2 millionar.

 

Av Tore Bergum