Den vanskelege meirverdiavgifta

06. oktober 2011

Mange er skuffa over nok ei lita auke i meirverdiavgifta (mva) på mat. I seg sjølv betyr ikkje 1% auke mykje verken for dei som produserer eller kjøper maten, og regjeringa har dels kompensert det med andre tiltak. Meirverdiavgifta som sådan er meir interessant. Fenomenet kom til Norge som del av kriseforliket i 1935, som 1% ”omsettingsavgift”. I rak motsetning til i dag var avgifta Bondepartiet sitt krav, og ho sat langt inne hos Arbeiderpartiet. Chr Hornsrud kalla det fattigskatt og meinte visst det var så ille at Venstre heller burde foretrekkast som partnar.

Poenget var då som no at mva er ein flat skatt, dette gjeld ikkje minst for matvarer: Fattig og rik treng ca like mykje mat, men for førstnemnte utgjer matbudsjettet langt større del av inntekta. Auka mva gjer då hardast utslag mot dei minst bemidla av oss. Dette i motsetning til inntektskatten kor det er enkelt å laga til både botnfrådrag og progressive satsar. For næringslivet utgjer mva-regimet snirklete regelverk og byråkrati.

 

I dag har dei fleste land slik avgift (i Norge utgjer ho om lag 20% av statsinntektene), og det er ikkje lett å sjå for seg ei rask utbyting av mva med anna skatt. Dei Grøne støttar difor gode forslag om i første omgang å bruka avgifta til stimulering av gunstig forbruk, td ved å gjera økologisk mat og gjenbruksvarer heilt avgiftsfrie.

 

Tore Bergum

Dei Grøne i Hordaland