Martin Igland Malkenes

1. kandidat i Flora

Martin Igland Malkenes (f. 1977) er førstekandidat i kommunevalet i Flora kommune og leiar i lokallaget i Flora kommune.

Martin har studert kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, kommunikasjon ved Høyskolen i Bergen og personalledelse ved BI. Han har blant anna jobba som lærar, industriarbeider og er i dag distriktsansvarleg for Redningsselskapet i Sogn og Fjordane. Martin er ein samfunnsengasjert mann som brenn for ein vital by og vitale bygder. Han meiner Flora kommune treng eit skifte i politikken for å sikre at kommunen i framtida skal vere ein attraktiv bustad for folk i alle aldrar. Næringsutvikling bør handle om kva som gjev mest lokalt, nasjonalt og globalt. Vi bør satse på framtida gjennom berekraft og innovasjon for å sikre ein god overgang frå oljenæring til framtidsnæringar i kommunen.

Martin meinar at for å sikre gode levevilkår på jorda må vi endre syn på vekstøkonomien som drivkraft i verdsutviklinga. Vi ser konsekvensane av ønsket om evig vekst og må handle deretter for å sikre ein planet som er leveleg for alle. Ingenting veks uendeleg.

Hjartesaker:

  • Sikre at Florø by og Flora kommune ivaretar natur, folkehelsa og framtidsretta utvikling i reguleringssaker
  • Sikre at kommunen nyttar si innkjøpsmakt til å stille krav som dreier sine leverandørar i berekraftig retning og at ein nyttar nye bedrifter som etablerer seg i lokalmiljøet for å hjelpe dei i gang. Samt å nytte lokal mat i offentlege institusjonar.
  • Stimulere til eit berekraftig næringsliv med tyngre innsats på status for fagarbeidarar, sikre plassar til lærlingar og næringslivssatsingar med jobbmoglegheiter som speglar utdanningsnivået i befolkninga i dag for å gjere det attraktivt for unge å etablerer seg i kommunen.
Kontakt:

Tlf: 47667267