Fornybar energi er i skotet, men når det kjem til einskildprosjekt blir det ofte verre. Å ta stilling til vindmøller, småkraftverk og liknande inneber utfordrande avvegingar. Alle slike prosjekt har i nokon grad negative lokale konsekvensar, men mest relevant er det å starta i andre enden: Treng vi meir energi? Svaret avheng av kor djup analyse ein legg til grunn, men òg graden av
optimisme på vegne av politikken.
Grøn energi som tillegg
Utan ein heilskapleg klimapolitikk, vil all ny energi i hovudsak koma i tillegg til den eksisterande. Auka tilbod gir redusert pris, og då auka forbruk. Norsk gasskraft blir mindre lønsam, men òg ENØK. Sjølv om den nye energien er ” 100% rein” i seg sjølv, blir han mat til vidare økonomisk vekst, og slik indirekte opphav til andre problem: Artsutrydding, giftutslepp, tøming av mineralressursar osv. Når dette kjem i tillegg til status quo for klimaproblemet, har vi med eit dystert perspektiv å gjera. I beste fall kan veksten bli reinare enn om han kom i form av td meir kolkraft. Eit ja til ny energi på dette grunnlaget er særs defensivt, ei haldning vi knapt
mistenker nokon i miljørørsla for å dela.
Grøn energi som erstatning
MDG har programfesta at energieksport føreset ” …at fossil- og kjerneenergi faktisk blir erstatta…” . Ideelt sett kunne dei kutta 1,5 kWt fossil energi for kvar kWt rein energi dei kjøper frå oss. Slik måtte dei bidra vesentleg sjølve òg, med ENØK, eigne fornybar-prosjekt, eller ein generell forbruksreduksjon. Mange ja-folk føreset nok at ny energi skal erstatta den skitne. Men vi er ikkje der i dag, og det krevst politisk innsats for å koma dit. Det er heller ikkje fjernt å tvila på slike resultat, slik at ein fell tilbake på ” grøn energi som tillegg” . Då kan ein landa på nei, for ikkje å rasera meir natur i påvente av samanbrotet i vekstøkonomien. Mot dette vil vi
innvenda at sjølv ” grøn energi som tillegg” er betre enn ingenting (meir kol- og kjernekraft), slik at optimisme nok også er det mest ansvarlege.
Grøn energi som integrert del av grøn økonomi
Heller ikkje ” grøn energi som erstatning” er noko bolverk mot generell vekst: Etter ei klimavenleg fornying av energisektoren, kan ein godt halda fram å kreva meir og meir energi. Eit grønt parti må sikta mot ein økonomi der økologien set grenser: Kor mykje ressursar og areal kan vi legga beslag på? Kor mykje forbruk opnar dette for med gitt folkemengd og teknologi, og kor mykje treng vi for å leva godt? Der startar utfordringa med å bygga ein konkret grøn økonomi, og her nøyer vi oss med eitt element: Eit tak på avgrensa ressursar er sentralt, slik at evt økonomisk vekst kun skjer når effektivisering gir rom for det. Dette er ikkje meir utopisk enn
at alle Stortingspartia hadde ” stabilisering av det norske energiforbruket” på programmet i 1981: AP ” på sikt” , H ” på 90-talet” , dei andre ” innan 1990” . Sidan då har den stasjonære energibruken i Europa vore nesten uendra, medan transporten har auka mykje. Det òg takast høgd for at ein del stasjonær bruk er utflagga til lågkostland i perioden, så det er absolutt mykje å ta att. Ein
økonomisk vekst heilt frikopla frå energivekst er det vanskeleg å sjå for seg, difor er det som forventa når stabiliseringsmålet til vekstpartia ikkje oppfyllast.
Igjen kan ein tvila på at ein grøn økonomi er realistisk, og svara nei til ny energi (sendast energien rett inn i det store blå vekstsluket, treng vi ikkje ei einaste vindmølle i Noreg!) Vi vil atter framhalda at optimisme er det ansvarlege: Om ikkje vi når den ultimate løysinga, kan iallfall ” grøn energi som erstatning” avhjelpa klimaproblemet. Etterkomarane våre vil neppe døma oss for å ha takla klimakrisa og slik vunne tid til å utvikla ein økonomi som òg taklar andre problem.
M ed pragmatiske grep mot eit ideelt mål
MDG siktar sjølvsagt mot det beste, men ein grøn økonomi må byggast politisk steg for steg. Vi trur ikkje alt kan snuast om på ein gong, vi trur ikkje einsidig struping av energiforsyninga tvinger fram nokon grøn økonomi, og vi tør ikkje satsa på at fleirtalet vender seg til oss om vi ligg på vent til ståa blir ille nok. Vi ønsker å erstatta skiten energi medan vi jobbar parallelt for ein økonomi som krev mindre, ikkje meir, energi.
Ny energi = eksport
Med ENØK kan vi spara 20-30% av el-forbruket i Noreg, og med 5-10 av desse prosentpoenga kan vi td få nær all persontransport over på straum (el-bilar og –tog). Slik kan Noreg bli tilnærmaklimanøytralt utan ei einaste vindmølle. Evt ny energi vil difor først og fremst koma med tanke på eksport, i praksis til EU. Miljøpartiet Dei Grøne meiner det kan handlast med energi på linje med andre varer eit land har naturleg over-/underskot på. Energi er likevel ein grunnressurs på linje med mat, og slik handel må styrast politisk. Men i kva grad kan ein styra bruken av energi ein sel ut av landet?
I dagens situasjon er det neppe realistisk med vidtgåande krav til mottakar, men den som stør grøn energieksport er forplikta til å jobba for å endra regimet både heime og ute. Dei Grøne jobbar på begge fløyer, ute via European Green Party. På kort sikt må ein nøya seg med å vurdera eksisterande EU-politikk. 20-20-20-målet er eit steg på vegen, men ikkje nok ut frå våre krav. Ein får jobba for at måla blir skjerpa i samband med komande klimatoppmøte.
Ein må òg vurdera om det er taktisk rett å venta med norske prosjekt (med lang planleggingsfase) til alle avtalar er 100% vasstette og signerte av Stoltenberg og Merkel, eller om ein skal kasta seg utpå med dei minst kontroversielle prosjekta og samtidig jobba iherdig for eit grønare regime kring den eksporterte energien. Eit parti utan regjeringsmakt vil uansett måtta ta stilling til utbyggingar fortløpande, og utfallet kan då koma til å kvila på korvidt ein har ei optimistisk eller pessimistisk tilnærming til resultat på høgare nivå.
Lokale omsyn
For Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje ja eller nei til ny energi først og fremst spørsmål om lokale konsekvensar. Desse er òg viktige, og krev ein eigen debatt om kor og kva slags prosjekt ein går for. Her ligg òg ei utfordring for oss som ønsker sterkt lokaldemokrati. Som ved kommunesamanslåing må ein heller enn tvang legga til rette slik at gode prosjekt blir gode også lokalt. Vi støttar Landssamanslutninga av norske vindkraftkommunar når dei jobbar for likestilling med vassenergi, slik at konsesjonskraft, -avgift etc kjem lokalsamfunnet til gode. Med evt lokal eigarskap kjem utbyte i tillegg (MDG har programfesta offentleg eigarskap til naturressursane).
Konstruktiv optimisme
Utgangspunktet må likevel vera eit heilskapssyn der sluttbruken og regimet kring denne står i sentrum. Vi kan akseptera ein del naturinngrep om det gir samla grøn plussverdi. Då vi trivst best med konstruktiv optimisme, vil vi inntil vidare støtta dei minst problematiske prosjekta.

