Fylkesprogram for Miljøpartiet Dei Grøne i Rogaland (2007-2011)
Vi lever i eit rikt og fredeleg samfunn. Økonomien går godt, og levekåra er blant dei aller beste i verda. Som rogalendingar har vi i stor grad høve til å realisere måla og draumane våre, då særleg dei av materiell karakter. Tilsynelatande er vi altså både frie og lukkelege, så kva er eigentleg problemet?
For Miljøpartiet Dei Grøne er svaret enkelt og todelt: Gullkalven har ei heller rusten bakside, og han står på eit vaklande fundament.
Ikkje nok med at den vedvarande vekst- og konsumfikseringa trugar vår eigen nasjonal- og regionalkultur, han byggjer òg opp om ein ekstrem individualisme som gradvis forvitrar solidariteten i velferdsstaten.
Slik samfunnet for tida er organisert, går dessutan den enorme overfloden i Vesten på bekostning av andre kulturkrinsar og framtidige generasjonar. Ein velstand som korkje kan universialiserast eller vare ved, er ikkje anna enn eit luftslott.
Vi har, i vårt kortsyn, kasta oss på ein akselererande velstandskarusell som får Jorda til å gå i spinn. Massive naturøydeleggingar, artsutdøying og eit stadig meir uføreseieleg klima taler sitt tydelege språk: Dagens vestlege levesett er lite berekraftig.
Sjølv om det etter kvart byrjar å gå opp for dei fleste at eit framhald av den eksplosive vekstpolitikken vil få katastrofale følgjer, er få villige til å gjere noko med problemet. Politikken som har blitt ført dei siste åra, har snarare auka dei globale økonomiske skilnadene og styrkt den kunstige forbrukskulturen.
I staden for å byggje vidare på dagens la det skure-politikk vil Miljøpartiet Dei Grøne møte utfordringane. Som ein del av ei framgangsrik global partirørsle står vi i motstrid til, og utfordrar, dei eldre vekstbaserte ideologiane. Vi vil velje den kursen som på lang sikt gjev oss den beste livskvaliteten. Politikken vår er difor tufta på absolutt respekt for det rike mangfaldet og det skjøre samspelet i naturen. Målet er å etablere eit vitalt samfunn i økologisk balanse, der vi kan nyte ein levestandard fullt på høgde med dagens.
I dag trugar klimaendringar med drastisk å endre livsvilkåra på Jorda. Miljøpartiet Dei Grøne meiner det er naudsynt å møte utviklinga med omfattande tiltak som raskt kan avhjelpe situasjonen.
Klimaproblema kan openbart ikkje løysast ved at dresskledde verdspolitikarar i Kyoto, Brussel eller New York kranglar om ansvarsfordeling og utsleppsbrøkar. Handling må til, og det på lokalt plan.
Rogaland er i dag i ein unik posisjon, både fordi oljeindustrien her står sterkt, og fordi fylket er tilgodesett med store økonomiske og menneskelege ressursar. Vi har såleis alle føresetnader for å kunne gjere ein skilnad i kampen for eit stabilt klima.
Miljøpartiet Dei Grøne i Rogaland står for ein ambisiøs og pragmatisk fylkespolitikk. Vi vil mellom anna skjerpe tilsynet med ureiningskjelder, gjere transportsystemet i fylket meir miljøvennleg og leggje til rette for betre ressursutnytting.
I fellesskap med andre progressive krefter i fylket ynskjer vi å skape framtidas Rogaland.
Miljøpartiet Dei Grøne – Miljøhuset Grensen 9 B, 2. etg – Postboks 9124 Grønland, 0133 Oslo – mdg@mdg.no
Side drevet av WordPress. Nettredaktør: Jarle Fagerheim