Sverige: – Raudgrønt samarbeid for framtida

Dei to partia har sett seg to mål med samarbeidet. For det fyrste vil dei staka ut ein langsiktig kurs for politikken i det komande tiåret, til og med 2020, ikkje berre eit program for neste mandatperiode. Det andre hovudmålet er å utfordra den borgarlege regjeringa, og slik skapa oppslutnad om ei samarbeidsregjering mellom dei grøne og sosialdemokratane.

– Det me i dag presenterer er eit samarbeid mellom to parti som er meir langsiktig enn me tidlegare har sett i svensk politikk. Eit djupare raudgrønt samarbeid mellom sosialdemokratane og dei grøne kan kombinera ein handlingskraftig politikk for fleire jobbar, meir rettvise og god økonomisk utvikling med ein moderne miljøpolitikk og global solidaritet som òg gjeld framtidige generasjonar. Det vonar me Ã¥ gjennomføra i regjeringsposisjon, seier partileiar Mona Sahlin (s) saman med talspersonane Maria Wetterstrand og Peter Eriksson (mp).

Dette er fyrste gongen at Miljöpartiet går til val som del av eit regjeringsalternativ. To gonger tidlegare har Miljöpartiet vore støtteparti for sosialdemokratiske regjeringar.

Nøkkelord: 

Profile picture of Gabriel Kielland
Profile picture of nettredaksjonen
Profile picture of knutq
Profile picture of Craig Thorsen
Profile picture of lillehammer
Profile picture of Odd Bergstøl
Profile picture of Telemark MDG
Profile picture of Morten Muggerud
Profile picture of Mona Undisdatter
Profile picture of Bergen MDG
Profile picture of sthanshaugen
Profile picture of %s
Profile picture of %s
Profile picture of Miriam Tessem Strøm
Profile picture of KÃ¥re Dalen
Profile picture of %s

Logg inn




Forgot?
Registrer

Network-wide options by YD - Freelance Wordpress Developer