Gode grøne utsikter i EU-valet

Greens/EFA

Størst ser den grøne framgangen ut til å verta i Storbritannia, der Green Party of England and Wales ser ut til å auka frå 6,3 til godt over 11 prosent av røystene. Partileiar Caroline Lucas og Jean Lambert, som har representert partiet i EU sidan 1999, vil om prognosen frå «Predict 09» slår til få selskap av ytterlegare fire grøne parlamentarikarar frå øyriket. Einskilde britiske meiningsmålingar tyder på eit endå betre resultat, med mellom 8 og 10 grøne EU-parlamentarikarar.

Òg i Hellas reknar Predict 09 med at Oikologoi Prasinoi vil få 11 prosent, ein framgang frå 2004 på heile 10,3 prosent. MDGs svenske systerparti har stabilisert seg på over 10 prosent på meiningsmålingane og har gode sjansar til å gå frå eitt til to mandat. Den kjende korrupsjonsjegaren Eva Joly kan likeeins sjå fram til valresultatet for dei franske grøne «Ecologie-Europe» som ho er 2. kandidat for i Paris. Predict 09 spår framgang frå 7,4 til 11 prosent av røystene 7 mandat mot tidlegare 6.

Dei endelege valresultata er venta sundag kveld. Miljøpartiet Dei Grøne samarbeider aktivt med grøne systerparti i Europa gjennom European Green Party.

Profile picture of Lars Valen
Profile picture of Akershus MDG
Profile picture of Nordland MDG
Profile picture of nettredaksjonen
Profile picture of Sebastian Schmidt
Profile picture of %s
Profile picture of %s
Profile picture of Miljøpartiet De Grønne på Sagene
Profile picture of %s
Profile picture of Merethe Saurdal
Profile picture of %s
Profile picture of Sør-Trøndelag MDG
Profile picture of porsgrunn
Profile picture of %s
Profile picture of lillehammer
Profile picture of %s

Logg inn




Forgot?
Registrer

Network-wide options by YD - Freelance Wordpress Developer