Av Tore Bergum, landsstyret i Miljøpartiet Dei Grøne
tore.bergum@mdg.no
Svein A Noer Lie etterlyser (KK 5/2) framdrift i vekstdebatten: Økonomisk vekst er eit fundamentalt og etterkvart destruktivt aspekt ved økonomien vår, og vi deler frustrasjonen over at vekstkritikarar flest enno er på overskriftsnivået. Eg prøver meg difor på ei drøfting der omgrep som samarbeid, krinsløp og livskvalitet ikkje heng i lufta kun som gode intensjonar. Folk flest vel ikkje spontant eit nytt paradigme for å vera gode, det må presenterast smidige, konkrete og realistiske grep på samfunnsnivå.
Tre faktorar avgjer miljøbelastninga
Den samla belastninga (økologisk fotavtrykk) på jorda avheng grovt av tre faktorar (berekraftbrøken): Samla belastning = antal menneske x forbruk per menneske / belastning per forbrukseining. Det siste er i praksis kor gunstig teknologi forbruket blir produsert med, men i tillegg til reint tekniske nyvinningar kjem òg betra organisering av produksjonen og juridiske verkemiddel. Her er det altså tre faktorar å ta fatt i, men dei fleste fokuserer kun på den siste: Teknologiske forbetringar. Kanskje ikkje så rart, det er denne faktoren som rører minst ved kultur og livsstil. Også ”krinsløpsøkonomi” er strengt tatt eit teknologisk grep: Sjølv om alle ressursar skulle resirkulerast 100% er det ikkje til hinder for å utvida radiusen eller auke farten på krinsløpet. Folketal-faktoren er kompleks, og den spådde utflatinga på 10 milliardar føreset auke i ein annan faktor (forbruksauke i u-land). Men formeiring handlar òg om kultur og religion.
I prinsippet kan ein redda verda kun via ein eller to av faktorane i brøken. Miljøpartiet Dei Grøne legg til grunn at det tryggaste er å jobba med alle tre: Betra teknologi, stabilisert folketal og kontroll med forbruksveksten. Fokus her er det siste: Finst ein økonomi som er stabil sjølv om vi ikkje aukar forbruket? Vi ser då bort frå at både folketal, forbruk og teknologi er særs ujamt fordelt på jorda. Sjølv om vi når målet om slik utjamning, kjem vi ikkje unna berekraftbrøken.
Istaden for nullvekstøkonomi vel vi å snakka om økonomi utan veksttvang. Dette inneber at vekst kan tillatast, men må skje på bakgrunn av politiske vurderingar (korleis det ligg an med produktet av berekraftbrøken og den sosiale fordelinga).
Årsaker til vekst
Blant sosialistar er kapitalismen og marknadsøkonomien naturleg å gripa til. SV-veteran Knut Kjelstadli har skrive om veksttvangen i lys av dette, og det er klart at kapitalisme og vekst er nære knytt saman. Renter og reklame heng saman med vekst, men er meir eit trekk ved kapitalismen enn ein sjølvstendig vekstdrivande faktor. Men veksten kan halda fram sjølv i ein planøkonomi. Redusert kapitalisme og marknadsøkonomi (som ikkje treng vera det same) er naudsynt men ikkje tilstrekkeleg for vårt mål.
Meir individualistisk orienterte vekstkritikarar peikar på den personlege trangen til rikdom: Konkurransen med naboen om finast bil gjeld både arbeidaren og kapitalisten. Sosiale skille katalyserer effekten, det er lett å samanlikna seg med nokon som alltid har meir. Spelet kan studerast i tariffoppgjera, som tilleggsfaktor til det meir uttalte ønsket om rettferd. Utan underliggande vekst i økonomien, ville denne klatringa føresetta auka arbeidstid (ein måtte slåst med naboen om overtidstimane). Slik er det jo ikkje, det er timeløna som aukar år for år for dei fleste av oss.
Produktivitet?
Den underliggande årsaka til økonomisk vekst er auka produktivitet. Enkelt sagt: Vi produserer meir per arbeidstime, og har to val: A) Arbeida mindre og oppretthalda same realløn/forbruk, eller B) arbeida som før med auka realløn/forbruk. (At realløna aukar føreset sjølvsagt at nokon kjøper/forbruker den auka produktmengda, difor denne skrivemåten.) Har vi rett her, ser vi at veksten like gjerne kan halda fram i ein økonomi fri for både privat eigedomsrett, marknad, renter og reklame. Også i ein planøkonomi vil folket søka mot mindre strev gjennom utvikling av arbeidssparande teknologi og organisering. Det vil utvilsamt gå treigare enn med dagens miks av profittjag, konkurranse og sosial ulikskap, men veksten vil vera der likevel så lenge ein held oppe talet på arbeidstimar.
Ei strukturell og moralsk endring
I dag er alternativ B nær einerådande. Snur vi kollektivt på dette betyr det ei strukturell samfunnsendring, men ho må fødast av ein vilje hos fleirtalet til å velja annleis enn før. Altså kan framlegget presenterast/kritiserast (alt etter kva line ein trivst på) både som systemkritikk og moralisme. Denne tosidigheita er ein styrke, både overfor livsstilsprofetar og dei som avfeier alt som botnar i individuelle val. Grøn livsstilsendring lesast helst som redusert forbruk, og ideelt økologisk sett skulle alle tre faktorane i brøken endrast samtidig, men dette er neppe realistisk. Vårt grep er difor eit kompromiss der gjennomsnittleg personleg forbruk ikkje minkar, men flatar ut på det nivået det har når reforma blir innført. Det underliggande forbruket i produksjonen reduserast likevel: Medan vi vekslar inn auka produktivitet i redusert arbeidstid går teknologibetringa sin gong, bruken av energi/råvarer per eining minkar, resirkuleringa aukar osv. Samla økologisk fotavtrykk minkar år for år.
I tillegg får vi altså meir fritid, som kan sjåast anten som hyggeleg bonus eller hovudmål. Både sjukefråver, arbeidsløyse og den ”raude” sekstimarsdagen overlappar vekstdiskursen til fulle, men dei raude og fagrørsla inkluderer ikkje økologiske argument i sin portefølge på dette nivået. Finst det ein angst for å snakka om økologi, arbeid og løn i same vending? Dei skisserte grepa har tekniske implikasjonar som må drøftast vidare. Vi meiner likevel at arbeidet med berekraftig økonomi må ha vekslinga reallønsauke/mindre arbeidstid som hovudspor. Dette kan og må supplerast med ei rekke sosiale grep, men krev ingen fjern revolusjon. Marcio Pochmann ved det statlege brasilianske økonomiinstituttet lanserte nyleg 12-timarsveka, Keynes spådde 15. Sett i gang!

