Dei Grøne ynskjer breiare utgreiing

Miljøpartiet Dei Grøne finn regjeringa si avgjersle om Ã¥ greia ut sjøkabelalternativet ved utbygging av ny kraftline Samnanger-Sima gledeleg. – Men utgreiinga bør vera breiare, seier Hanna E. Marcussen, talskvinne for partiet.

I eit brev til blant andre statsminister Jens Stoltenberg ber partiet om at utgreiinga også vurderer korvidt ein kan tryggja energiforsyninga i regionen gjennom å nytta den tenkte investeringa i ny kraftline som stønad til energieffektivisering i staden.

- Slik me ser det kan dette potensielt frigjera betydelege energimengder, og dermed betre energibalansen i BKK-omrÃ¥det, seier Hanna E. Marcussen. – Dersom det kan gjerast utan utbygging vil det vera ein vinn-vinn-situasjon.

Brevet er send av Marcussen saman med fylkesleiar Øyvind Strømmen i Hordaland og lokallagsleiar Sondre Båtstrand i Bergen.

Partiet ynskjer ogsÃ¥ ei utgreiing av andre traseval, inklusiv Samnanger-Sauda. – OgsÃ¥ her kan sjøkabel vera aktuelt pÃ¥ delar av strekninga, og utgreiinga bør sjÃ¥ etter eit traseval som er bÃ¥de kostnadseffektiv og miljøvenleg, meiner Øyvind Strømmen. – OgsÃ¥ fjelltunellalternativet bør greiast betre ut, seier Strømmen.

Nøkkelord: 


Ingen kommentarer ennå.

Kommentar


Network-wide options by YD - Freelance Wordpress Developer