– Beint fram utruleg Ã¥ føreslÃ¥ dette

- Det er beint fram utruleg at Voss kommune, Voss Energi og BKK vil ha utbygging i eit verna vassdrag, meiner Miljøpartiet Dei Grøne sin fylkesleiar i Hordaland, Øyvind Strømmen. – Ser dei ikkje verdien av elva og av turismen knytt til blant anna ekstremsport?

- Det er også påfallande at ein ikkje har kontakta nokon i padle- og raftingmiljøet på Voss for å få deira meining. Har dei vore redde for å få klar tale attende, spør Strømmen.

Miljøpartiet Dei Grøne stør fullt ut det felles utspelet frå Bergen Turlag, Noregs Jegar- og Fiskarforbund i Hordaland og Naturvernforbundet i Hordaland.

Strømproduksjon ved full utbygging tilsvarer 1,5 Alta-utbygging, og krevjer oppheving av vernevedtaket i Stortinget. Dei Grøne meiner det tydeleg viser at det ikkje er snakk om ei skÃ¥nsam utbygging. – Voss kommune vil ha verdiskaping i Raundalen. DÃ¥ bør dei sjÃ¥ pÃ¥ dei moglegheitene som ligg i turisme, og ikkje pÃ¥ gigawattimar, meiner Strømmen. – I dag kjem det tilreisande frÃ¥ verda rundt for Ã¥ padla i elva. Kor interesserte vil dei vera i sightseeing pÃ¥ minstevassføring?

Nøkkelord: 


Ingen kommentarer ennå.

Kommentar


Network-wide options by YD - Freelance Wordpress Developer