rogaland@mdg.no
Telefon: 906 745 41
FISKERIMINISTER HELGA PEDERSEN opnar innlegget sitt («Et hav av muligheter?», 8. juni) med å slå fast at havet er «under press», før ho nemner nokre utfordringar me står overfor. Det verkar som om havet framfor alt er ein ressurs for Pedersen, og dersom det er eit problem at økosystema er truga, er det fordi sviktande økosystem gjev sviktande inntekter.
Havet er «viktig i forhold til klima», meiner Pedersen: Klimaendringane ser me allereie i form av issmelting, vassforsuring og økosystem i endring; spørsmålet om petroleumsutvinning i nord er eit «omdiskutert tema».
Det er ikkje lett å skjøna kvar Pedersen tek den sjølvsagde autoriteten sin i hav- og klimaspørsmål frå. Tilhøyrer ho ikkje Arbeidarpartiet, som alltid har vore ein pådrivar for auka utvinning overalt? Er ikkje Pedersen nestleiar i partiet som vedtok å utsetja avgjerda om utvinning utanfor Lofoten og Vesterålen (LoVe) til forvaltningsplanen skal behandlast – newspeak for «me tek til straks me finn fagfolk som går god for prosjektet», sjølv om fagmiljøet er kritisk innstilt? Sit ikkje ministeren i regjeringa som vedtok å skyta seismikk utanfor LoVe, som ikkje vil reinsa Kårstø likevel, og som gav klarsignal for utbygging av Goliat-feltet?
Jo.
Pedersen legitimerer eit ordskifte om noko som burde vera uaktuelt ved å kalla spørsmålet eit «omdiskutert tema». Ein skulle ha trudd at ministeren visste kva føre var-prinsippet innebar. Det tilseier at det er betre å bu seg vel på førehand enn å freista bøta på eit problem etterpå.
Det er slett ikkje vanskeleg, fiskeriminister.
I denne saka inneber prinsippet at me ikkje skal ta til med petroleumsutvinning utanfor LoVe. Det dreier seg om god forvalting av havområda – og spørsmålet vert endå viktigare i det me tenkjer over at vår uansvarlege forvalting av eige territorium, får fylgjer for økosystem over heile verda, og at CO2-utsleppa frå petroleumsindustri og -forbruk er enorme.
Sume av dei andre tiltaka ho nemner er gode. Likevel er ambisjonane om å «[forvalte] med evigheten for øye» ikkje truverdige så lenge Pedersen ikkje kan lova at ho og Ap ikkje vil gå inn for petroleumsverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen.
MDG meiner at berekraftig utvikling er viktigare enn økonomisk vekst, og me vil ikkje satsa grunnlaget for dei komande generasjonane og komplekse økosystem på kortsiktig profitt. Det er tid for eit politisk skifte – og tid for å koma ut av Pedersens skoddesnakk.
Eirik Wixøe Svela
Miljøpartiet Dei Grøne i Rogaland
Gå til: Topp – Opportunistisk skoddesnakk frå Pedersen
Miljøpartiet Dei Grøne – Miljøhuset Grensen 9 B, 2. etg – Postboks 9124 Grønland, 0133 Oslo – mdg@mdg.no
Side drevet av WordPress. Nettredaktør: Jarle Fagerheim